Kuboden

 

Kuboden vart etablert ca ved år 2005. Da var det i form av et par campingbord og et par oppstilte brett med bilder, en del blader og brosjyrer. Kukalenderen var ein salgslager frå første stund. Da dølafe t-skjortene kom vart mange begeistra for den
Etter kvart vart boden berre større og større, og meir kjendt og etterspurt. Eg får invitasjoner til å komme med boden til mange plasser rundt om i Norge. Eg har utvida med meir varer. Eg har laga 4 eigne bøker, og teke inn andre kubøker.

Det er mange som kjem att år etter år for å sjå på bilder, eller ta med seg eit eller fleire av kublada, brosjyrer og plakater, eller kjøpa bøker, kalender, eller t-skjorter for eksempel.

Informasjonsarbeidet er ein meget stor del av kuboden, og eg vonar mange har fått nytt pågangsmot og gode idear etter eit besøk hjå meg.

I 2015 fekk eg diplom for beste bod inne i Hippodromen på Stavsmartnan. Boden blei den beste av 99 bodar.  

Klikk deg inn på nettbutikken til Kuboden på knappen nedenfor!