Om oss

I serien «Framtidsbonden» presenterer vi bønder og småbrukere som satser i Norsk Bonde- og Småbrukarlag sin ånd. Gjennom disse portrettene viser vi også at NBS sin politikk er framtida for norsk landbruk. Denne gangen kan du bli bedre kjent med framtidsbonden Anne Saglien»

Vi kjøpte småbruket Rustom i Kvam i Gudbrandsdalen i 1986. Da var det minst 15 mjølkeprodusenter i Kvamsbygda. Nå er vi to som leverer mjølk. Seljaren var den gong svært innstilt på å selja garden til folk som ville drive, – ikkje slik at det skulle havne opp som tilleggsjord. Det var 48 mål dyrka jord samt litt vedskog og beite. Til garden er det ei veldig fin sæter, og det var den som avgjorde at vi kjøpte garden. Fjøset bestod av 7 kubåser, ein grisebinge, ein kalvebinge, stallrom og sauerom. Det var ikkje mjølkekvote og ikkje mjølkeannlegg. Mjølkekvota fekk vi med frå ein gard vi forpakta før vi flytta til Kvam. Vi hadde med på flyttelasset 7 kyr og 4 kviger og tre kalvar, og to små sønner. Det var den gong, og mykje har forandra seg. Anne pleier å seia at nå har vi det dobbelte av alt, både unger og kyr.

Alt var for trangt og lite til å begynne med. Møkkakjellaren var så liten at vi hadde ikkje ein gong plass til å tenkja der inne brukte vi å seia. Så det vart ganske fort prosjekt med å støype opp ein ny møkkakjeller. Etter nokre år hadde vi betalt ned lånet, og det vart til at vi utvida fjøset, og bygde på til 10 kyr og 6 kalvar. Vi hadde jo allereie satt opp ny kjellar, så da var veigen snøggare til nytt fjøs. Vi bygde båsfjøs, var vel av dei heldige her og, blant dei siste som fekk løyve til å byggja båsfjøs. Tilbygget vart ferdig i 2005. Vi leide inn snekkere til sjølve «grovsnekringa», men storparten gjorde vi sjølve med god hjelp av våre nå fire voksne sønner. Det var godt, både å få bedre plass og meir kyr etterkvart.

Dei første åra var det silolegging og tørrhøy som var veldig arbeidskrevjande, men rundballing er lettvint og mykje sikrare med ustabile somrar. Maskinentreprenørane poppa opp i hytt og pine, så det var ingen sak å leiga inn folk til å presse og pakke ballar for oss. Stutte tørrværsperioder gjorde det nærmest håplaust å få til god silokvalitet. Vi byrja å leige jord, for det vart ledige jorder da andre slutta sin produksjon. Vi har aldri brydd oss om stor og kostbar maskinpark. Vi starta med to små firehjulstrekk, Fiat, og ein Gammal Massey Fergusson, Stabile og driftsikre traktorar utan så stort marktrykk. I tillegg ein liten traktorgravar, og ein liten lassberar, Alstor. Små brukte maskiner betyr lav innkjøpspris, Ei heller så høge driftsutgifter. Og med ein mann og sønner som reparer alt, – er dette ein veg å gå økonomisk, sjølv om det tek mykje tid. Altså 4 traktorar på 30 år. Vi har mjølkekvote på vel 36 tonn. Besetningen består nå av 15 kyr (Dølafe) 3 kviger ein okse og 7 kalvar. Nå disponerer vi ca 100 mål dyrka jord, men kjøper ca 20— 30 rundballar i tillegg.

Det ligger mange muligheter i en seter!

Vi byrja med setring det andre året etter at vi kjøpte garden. Som tidlegare sagt var det setra som avgjorde at vi kjøpte bruket. Ei seter som det låg svært mange muglegheiter i. Det å kunne bruka utmarka til beite var og ein nødvendigheit for å kunne ha nok dyr til å fylle kvota. Og med dølafe kan ein ha enda fleir kyr ettersom ein driv eit viktig bevaringsarbeid. Utan setra hadde det ikkje vore aktuelt og drive mjølkeproduksjon for oss i det heile tatt. Vi har ikkje nok beite på garden om vi så hadde hatt berre 5 kyr. Så i tillegg til den viktige landskapspleia kyrne står for i utmarka, så er det avgjerande for vår mjølkeproduksjon.

Kyrne har vore borte ei einaste natt på desse 30 åra vi har setra. Det kjem alltid heim av seg sjøl når mjølketida nærmer seg. Sist sommar produserte dei 14 kyrne 200 liter mjølk pr dag på 17 % kraftfor og KUN utmarksbeite i 7—8 veker. Og det er vi fornøygde med. Ei ser at Dølakua er ei rase som er veldig flink til å nytta utmarks beite og veldig flinke til å halda saman i flokk. Vi er nå i ferd med å starta opp med å byggja oss eit lite ysteri på setra. Søkte om ostekvote og fekk innvilga den i 2017. Og håpar at vi blir ferdig med bygget i 2019. Til da blir det prøveproduksjon på tradisjonell raudost (brunost) , prim og gubb i eit lite gammalt kokhus på tunet. Dette gler vi oss stort til. Det er noko med å utnytte alle slags moglegheiter som byr seg —- I NÆRMILJØET!

På Kvamsfjellet er det massiv hytteutbygging, og hyttefolket har gjeve utrykk fpr at dei gler seg over å få lokal osteproduksjon. Når det gjeld å utnytte alle moglegheiter så har vi vel snart fylt den kvota på setra. I 2009 vart låven nede på kvea omgjort til eit lite museum. Vi har og anlagt ein høgfjellshage, 875 m.o.h. Der vi har over 100 forskjellige planter. Grønsaker, urter, blomster og poteter. For 11—12 år sidan starta vi og opp med ein dag, (andre søndag i august), åpen seter der vi presenterer seterdrifta og serverer produkter fra setra. Vi tar da og inn andre aktører som står for både ljåslått og tjerebrenning. Det er mange ting som skjer på setra, og trekkjer mange folk. Ting må være i fornying, og nå når vi har planlagt ostesalg så vonar vi at vi har nok publikum til å dekke vårt kundebehov.

Arbeid for bevaring av dei gamle norske storferasene

Etterkvart som ungane vart store og flytta ut vart det meir rom for å utvikle våre kreative evner. Det er ein viktig del av livet. Og når dei evnane kan kombinerast med gardsdrifta er det ein god ting. For Anne sin del er kyrne, og har vore både arbeid og hobby, og hovedinteresse heile livet. Det førte til stor aktivitet i bevaring av dei gamle norske storferasene. Vidare til diverse hverv og oppgåver med det. Anne tok på seg oppgåver som å vera redaktør for medlemsbladene for Laget for Vestlandsk fjordfe, Dølafelaget, og seinare for Urfe AS som vart starta opp for 10 år sidan, og som nå er teken over av Nortura. Det betyr at Anne er redaktør for 5—6 slike blad i året. Det har ført til ei svært gjevande attåtnæring, mest lærerik, men det blir og litt inntekt av det. Og det fører til kontakt med særledes mange menneskjer der ute i det ganske land. Produksjon av kukalenderen kom og i kjølevatnet av dette og den har Anne laga i snart 20 år. Det er eit viktig arbeid, dette å spre informasjon om dei Norske landrasene. Det er ein viktig kulturarv og ta vare på. Attåtnæringa har utvikla seg til fleire ting. Og inntekta av dette har gått ut att som lønn til avløysarar. Velferdsordninga i lanbruket står eigentleg ikkje i samsvar den den daglege arbeidsinnsatsen for oss bønder. Vi har eit krevjande arbeid både fysisk og psykisk. For ein ikkje anledning til avkobling i kropp og sjel går det fort ille. Avkoblinga er nødvendig for eksistensen.

 «Kvifor vera stor og sliten om ein kan vera lykkeleg som liten. Kvifor strekja seg etter sure rognebær, når jorbæra ved føtene våre kan etast slik dei er.»

Dølafeet

Anne var med og starta Dølafelaget for 21 år sidan. Og det er rasen vi har satsa på nå. Da bevaringsarbeidet for Dølafeet starta var det berre ca 30 reinrasa hodyr over 2 år. Nå har vi komen opp i ca 230 reinrasa kyr på landsbasis. Av dei ca 50 mjølkekyr. Det å drive med dølafe er ei stor utfordring når ein vel mjølkeproduksjon. Det er den rasa som ligg lågast i mjølkeproduksjon. Men dei har evner. Vi har auka gjennomsnitten pr ku med ca 25 % . Fra gammalt av var det kjent at dølafeet var Gudbrandsdalens kjøttfe, og det var den kua som gav mjølk som egna seg best for mjølkeproduksjon. Vi meiner at dei gamle stedegne rasene er viktige for framtida. Det er kyr som egnar seg svært godt for beiting, og krev lite eller ingenting kraftfor. Det er miljøvenlege kyr. Her har politikarar ein stor jobb. Dei bør skaffa seg informasjon om desse rasene og bruken av dei. Videre må Innovasjon Norge komme seg ut av «stor—størr—størst» bobla. Det er heilt feil veg. Norge har ikkje landskap for slik, og til dei grader veldig lite miljøvennleg. Det småbruk, lokalsamfunna og grendene som er grunnmuren i Norge. organisasjonsarbeid Det er både med stoltheit og sårheit eg fortel folk at eg driv mjølkeproduksjon og avlsarbeid på ei av verdas skjeldnaste kuraser. Anne Du treng ikkje vera så særskild flink for å sitja i eit styre. Det er samarbeidet som tel. Nokre gonger trengs du for at styret kan vera vedtaksdyktige.

Organisasjonsarbeid er viktig. Sjølv om vi trur det ikkje nyttar, så må vi vera med å koma med innspell. Det er i lag vi høyres i den store samanheng. Bonde og småbrukarlaget, grunneigarlaget og beitelaget er viktige organsisajonar å vera med i. Du treng ikkje væra så spesielt flink, det gjeld å bruka hjartet, sunn fornuft og erfaring.